Følg Destinasjon Hemsedal

Fauskivalen i Hemsedal 10 -13 august 2017

Nyhet   •   mar 29, 2017 10:46 CEST

Foto: Fauskivalen

Fire dagars program blir lansert 11 april.

Programmet til Fauskivalen 2017 er no på det meste klart. Me opnar torsdag 10 august med ei barneforestilling, og konsertar med unge lokale musikktalent, under leiing av Fredrik Nybråten.

Årets headliner blir lansert 15 mai.

Ulike spanande artist-alternativ blir vurdert, her er det framleis mogeleg for publikum å koma med forslag og ynskje, som blir tatt i mot med takk. Og hugs, me tenker allereie også på Fauskivalen 2018 og 2019!

Me bygger vår festival som eit lag.

Takk for støtte til Hemsedal kommune og Buskerud fylkeskommune. Stor takk til våre festivalpartnarar Skistar og Hemsedal turistkontor for innkvartering og marknadsføring. Me har også i år med oss på laget ElektroTeam AS, Sparebank1 Hallingdal Valdres og Kiwi som hovudsponsorar. Og ikkje minst takk for godt samspel med vårt lokale mediahus Hallingdølen for grafisk uttrykk, produksjon av festivalavis og utvikling av websider.

Ingen festival utan friviljuge.

Lag og foreningar i kulturlivet og eldesjeler stiller opp. Skal festivalen vekse og utvikle seg, trengs fleire friviljuge. Samarbeidet med ulike samarbeidspartar og sponsorar blir derfor styrka under årets festival.

Me forankrar årets festival i eiga musikk- og kulturhistorie.

Jarl Goli er med på festivalens kunstnariske og organisatoriske utvikling. Kurt Helge Johansen er organisatorisk leiar. Knut Fausko er Fauskivalens eigar og festivalsjef.

På laurdag formiddag 12 august blir det eit kulturprogram på låven «Livet ved landevegen» med eit tilbakeblikk på Ola Fauske sine forteljingar og formidling av historia på Fausko. Dette i høve markering av 5 år sidan Ola gjekk bort og 20 års markering av plateutgjevinga «Huldrehatten».

Billettsal:

Opnar på HALLINGBILLETT 11 april.

Lansering av headliner:

15 mai

Ny Fauskivalen webside:
Opnar 25 mai:

Me sjåas på Fausko.

Arrangementsgarden i HallingdalJ

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar